Jubileumskonsert

Alle tidligare songarar og dirigentar er velkomne til å delta i eit skikkelig storkor når Norges Ungdomskor sitt 30-årsjublieum skal feirast i Oslo, 21. oktober 2017! Vi går saman med foreningen Klassisk og Norsk Komponistforening som feirar høvesvis 70 og 100 år, og slik vert det heile et 200-årsjubileum!

Klassisk arrangerer Arena: Klassisk, ein ny visningsarena for klassisk musikk, og vår jubileumskonsert vert da en sentral del av programmet.

Rammetider for deltakarar er som følger:

Torsdag 19. oktober: 18 – 21.30, Øving for NUK 2017. Øvingslokale kjem seinare.
Fredag 20. oktober, 10 – 21, øvingar for årgangskor og fellesnummer, alle er altså ikkje med heile
tida. Meir detaljerte tider kjem. Trefoldighetskyrkja.
Laurdag 21. oktober, 09 – 13, eventuelle føreøvingar. Trefoldighetskyrkja.
14 – 17, generalprøve, Domkyrkja.
18.00, Konsert. Domkyrkja.
21.00, Felles middag, Oslo Plaza Hotel.

Desse tidene er preliminære, og for den einskilde songaren vil det sannsynleg bli færre timar enn det som er sett opp, då alle jo ikkje skal vere med på alt.

Prisen for dette er 1000,- og inkluderer kaffi og litt mat til alle øvingar, samt festmiddagen på laurdagen. Unnataket er drykk til middagen, som vil bli betalt individuelt.

Er du tidligere NUK-sanger? Bli med å synge med oss! Påmelding via DENNE LINKEN innen 1. JUNI 2017!